Verditakst

Kva er ein verditakst?

Ein verditakst er ein rapport som vert utarbeidd basert på ein taksmann si befaring og eventuell oppmåling av bustaden. Innhaldet i rapporten er òg basert på tekniske og historiske opplysningar frå eigaren.

Rapporten inneheld ei teknisk skildring av bustaden, saman med areala som er rekna ut utifrå oppmålinga eller areal frå teikningar.

I rapporten vil det finnast ei enkel skildring av vedlikehaldet på bustaden, utan at det er gjort grundige undersøkingar av den tekniske tilstanden. Synlege feil og manglar som har konsekvensar for eigedomen, blir som oftast noterte.

Verdien vert rekna ut basert på ei vurdering av plasseringen med tanke på utsikt, sol, kommunikasjon, butikkar, barneskular, og liknande.

Det er verd å merka seg at ei grundig teknisk analyse av bustaden vert gjort ved utarbeiding av Boligsalgsrapport NS 3600 for ei meir omfattande vurdering.

 

Kontakt oss